Treng du lokale, kostyme eller teknisk utstyr? Vi hjelper deg med å finne ei løysing som passar. Utforsk moglegheitene hos Teater Vestland!
Sitteplassar
Personar
Til framsyningar og arrangement
Førespurnader om lyd, lys og sceneutstyr
Er du på jakt etter lokale til eit arrangement? I Nynorskhuset i Førde finn du både Teatersalen og Scene 2, med ulike moglegheiter for arrangement.
Teatersalen har 270 sitteplassar, medan Scene 2 har kapasitet til om lag 100 personar.
Ta kontakt med oss for å høyre meir om tilgjenge, praktiske løysingar og moglegheitene for ditt arrangement.
Kontakt: Tone Marie Aardal
Telefon: 975 23 242
E-post: tone@teatervestland.no
SEND FØRESPURNADTreng du kostyme til ei framsyning, ein produksjon eller eit arrangement? Teater Vestland tilbyr utleige av kostyme etter førespurnad.
Vi rensar kostyma etter bruk. Av hygieniske årsaker leiger vi ikkje ut parykkar, sminke, hattar eller sko.
Send oss gjerne informasjon om kva du treng og når du ønskjer å leige.
SPØR OM KOSTYMEHar du behov for teknisk utstyr eller sceneutstyr til eit arrangement? Ta kontakt med oss for å høyre om moglegheitene for utleige.
Send gjerne ei oversikt over kva type utstyr du treng, og kva datoar det gjeld.
Vi hjelper deg gjerne med spørsmål om tilgjenge og utleige.
SPØR OM UTSTYRTa gjerne kontakt med oss, så hjelper vi deg vidare med førespurnaden din.
Teater Vestland
Nynorskhuset, Storehagen 10
6800 Førde