
Teater Vestland har ledig 100% fast stilling som økonomisjef. Vi søkjer deg som har erfaring med rekneskaps- og økonomiarbeid, er strukturert og analytisk og ønskjer å vere tett på den daglege drifta. Vi trur du vil trivast i stillinga om du likar å arbeide sjølvstendig, ta ansvar og finne gode løysingar i samarbeid med andre.
Som økonomisjef vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å sikre trygg og god økonomistyring i ei verksemd med høg aktivitet og korte avgjerdsprosessar. Du kjem inn i eit spennande, dynamisk og kreativt miljø med tilsette som arbeider med teater, kunst og kultur – ved basen vår i Nynorskhuset og på turné i heile Vestland.
Teater Vestland er eit lite teater med høg aktivitet, og du vil vere ein viktig bidragsytar og sparringspartnar for leiinga i økonomiske spørsmål. Rolla kombinerer operativt ansvar for rekneskap og løn med arbeid knytt til budsjett, prognosar, prosjektoppfølging og dagleg oppfølging av økonomirutinar i dei ulike avdelingane.
Du skal følgje opp budsjettet og den økonomiske utviklinga. På bakgrunn av dette skal du utarbeide analysar og styringsinformasjon for direktøren og leiargruppa. Slik bidreg du til ei trygg og føreseieleg økonomistyring. Du skal også gi avdelingsleiarane økonomifagleg støtte og bidra til at dei får god oversikt over økonomien på sine område.
Du må vere godt kjend med relevante lover og reglar og med system og verktøy for rekneskap, løn, økonomistyring og prosjektøkonomi. Du vil også bidra til utvikling og forbetring av økonomiprosessar og rutinar.
Stillinga inngår i leiargruppa, rapporterer til direktør og har ikkje personalansvar.
Søknadsfrist 19. oktober 2026
Oppgåvene varierer gjennom året. Nokre er del av den daglege drifta, medan andre er knytte til bestemte periodar, prosjekt og rapporteringsfristar.
Erfaring med løn, rekneskap frå A til Å, prosjektbasert verksemd, controllerarbeid eller offentleg finansiert verksemd er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk.
Hos oss får du arbeide tett på den daglege drifta og dei skapande prosessane og vere ein del av eit sterkt og mangfaldig fagmiljø. Du får ei sentral rolle i leiargruppa og handlingsrom til å vidareutvikle økonomifunksjonen, arbeidsmåtane og rutinane våre. Du blir ein del av eit profesjonelt teater med eit tydeleg språkleg og regionalt samfunnsoppdrag.
Vi tilbyr løn etter avtale og i samsvar med gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Send søknad med CV til post@teatervestland.no. Søknadsfrist: 19. oktober. 2026
Teater Vestland ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller kulturell bakgrunn.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med direktør Aud Marie Åsen.